Psykolog på barneavdelinga

I 2016 ble stortingspartiene enige om at barne- og ungdomsmedisinske avdelingar skal ha tilgjengeleg psykologkompetanse. Vi som allereie har jobba ei stund på sjukehus, veit kor viktig det er.

«Eline» er 14 år og går i 9. klasse. Før var ho ei aktiv jente, sparka fotball, var av dei beste på laget, populære i venneflokken, svært flink på skulen. Så endra alt seg. Heile det siste året har ho nesten ikkje vore på skulen. Det heile starta etter haustferien då ho fekk ein kraftig influensa. Ho måtte vere heime frå skulen ei veke og når ho kom tilbake kjente ho seg framleis ikkje bra. Kvar dag etter skulen mått ho kvile ein time på sofaen før ho skulle på fotballtrening eller gjere lekser.

Etter kvart måtte ho kvile to timar. I tillegg begynte ho å få hovudverk, særleg når ho var på skulen og ho kjende seg heilt tappa for krefter. Ho greidde ikkje lenger å vere på skulen heile dagen, ho var der berre nokre få timar kvar dag. Fotballen måtte ho slute med. Kvar dag vart det vanskelegare å få gjort noko.

Kva slags sjukdom er dette?

Eline var ofte til fastlegen denne hausten. Det blei teke mange prøver, men det kom ingen klåre svar på kva som feila Eline, så ho blei sendt vidare til sjukehuset. På dette tidspunktet er Eline og foreldre fortvila. Det har gått så lang tid, kvifor blir ho ikkje betre? Kva slags sjukdom er dette?

Når dei kjem på sjukehuset får dei treffe lege, sjukepleiar og fysioterapeut, og så blir dei presentert for ein psykolog. Først blir dei litt forundra over dette. Kva har dette å gjere med psykologi? Men ganske snart begynner dei å få nytte av psykologen. Mor har lenge tenkt på at det siste halve året har vore svært tøft for Eline, og også for dei som foreldre og det er godt at dei får snakke meir grundig om dette.

"

..ho kjente det som at ho ikkje strakk til

"

 

Far har også tenkt på at Eline i forkant av influensaen var svært stressa, det var så store krav på skulen og på fotballaget. Eline hadde ein gong sagt at ho kjente det som at ho ikkje strakk til. Far spør psykologen om dette kan vere årsak til korleis Eline har det. Og kva med skilsmissa som foreldra gjekk gjennom førre vår, kunne den ha noko med dette å gjere? Saman med familien ser psykologen på desse spørsmåla.

Livsendring

Dei finne ikkje ein enkel og tydeleg årsak til Eline sine plager, men saman finn dei ut at det er fleire ting i livet til Eline som kan endrast for at ho skal få det betre. Belastningar på skulen og heime kan bli gjort mindre, konfliktar i familien kan bli snakka om og løyst. Krav som pasienten har til seg sjølv, og som foreldra har, krav som dei eigentleg ikkje har tenkt over at ligg der, blir revurdert. Samtidig som dette har familien samtalar med legen som kan fortelje at det heldigvis ikkje lurer ein skummel sjukdom i Eline som ikkje er oppdaga.

Fysioterapeut og ergoterapeut hjelper familien til å sette opp planar for aktivitet som er innanfor det Eline greier no. Langsamt kjenner Eline at livet blir litt enklare å leve, langsamt orkar ho meir og kjenner igjen at ho gleder seg til framtida.

Dette var historia om Eline. Ho er ein fiktiv pasient, men tilfellet hennar er basert på møter eg har hatt med mange ungdommar i jobben min som psykolog på Barne- og ungdomsklinikken på St. Olavs hospital.

Smertehandtering

I 2016 inngikk Stortingspartiene avtale om ein sjukehusplan der det kjem fram at alle barne- og ungdomsmedisinske avdelingar i landet skal ha tilgjengeleg psykologkompetanse. Vi som allereie har jobba ei stund på sjukehus veit kor viktig dette er. I historia om Eline var det viktig med psykologisk kompetanse både for å forstå betre kva som kunne vere med på å oppretthalde problema hennar, og kva som kunne hjelpe henne til å bli betre. Dette er berre ein av måtane ein psykolog kan vere nyttig i tverrfagleg arbeid på ei barneavdeling.

 

"

I historia om Eline var det viktig med psykologisk kompetanse

"

Vi jobbar også med familiar der eit born har ein alvorleg, kanskje livstruande sjukdom, med handtering av smerter hjå pasientar med kroniske smerter, med tilknyting mellom foreldre og barn som er født prematurt, og mykje, mykje meir.

Gå til

Det vil  komme fleire innlegg på bloggen framover der andre psykologar fortel om sin arbeidskvardag på somatisk sjukehus, så følg med!

Kommentarer

Share |
Developed by Aplia and ABC Data - Powered by eZ Publish - Om informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.