Sosial kveld på ART Bar i Oslo 30. oktober

Tysdag 30. oktober 2018 klokka 19:00 på ART Bar (Københavngata 18) i Oslo

Psykologfagleg nettverk for seksualitets- og kjønnsmangfald fyller tre år i haust. I tillegg til å arbeide med å auke kunnskap om LHBT og fremje ei normkritisk haldning til psykologifaget, ønskjer vi å vere ein samlingsplass for alle psykologar og psykologstudentar som synst seksualitets- og kjønnsmangfald er fagleg interessant.

Difor inviterer vi alle interesserte til ART Bar ( Københavngata 18 ) tysdag 30. oktober klokka 19:00.

Vi vil arrangere ein konkurranse med premie til den som kjem opp med eit godt kortnamn til nettverket (det vi har er beskrivande, men ein munnfull..). Dessutan blir det quiz!

Vi håpar at mange som har vore med på fagkveldar og paradar, så vel som deg som er nysgjerrig på kven vi er og kva vi held på med, tek turen innom. Vi bestiller inn litt mat, og treng difor å vite kor mange som kjem. Send ein epost til seksualitet.og.kjonn@gmail.com for å melde deg på.

Vel møtt!

Med beste helsing
Silje-Håvard Bolstad, Elisabeth Adams Kvam og Reidar Jessen

Developed by Aplia and ABC Data - Powered by eZ Publish - Om informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.